Koordinatar: 59°53′42″N 10°43′45″E

Hovedøya er ei øy i Indre Oslofjord, i hamnebassenget i Oslo, rett sør for neset som Akershus festning ligg på. Arealet er om lag 0,5 km². Øya vart kjøpt av Oslo kommune frå staten i 1952 (for 4 millionar kroner), og vert forvalta av Friluftsetaten. Det går passasjerferje i rute til øya frå ei av bryggene framfor Rådhusplassen. Mykje av øya, bygningar og ruinar er freda for å take vare på naturen og kulturminna.

Hovedøya sett frå lufta. «Hovudet» på øya er den halvkuleforma høgda nede mot høgre på fotografiet
Foto: Wilhelm Joys Andersen
Hovedøya sett frå Vippetangen i Oslo hamn i 1908.
Cisterciensarklosteret på Hovedøya, Oslo

Namnet på øya kjem frå norrønt Hǫfuðey, der hǫfuð, som tyder hovud, sikter til den nesten 50 meter høge høgda på den austlege sida, som er den høgste på øya. Nemninga hovud er nytta fleire stader i Oslofjorden om bergkollar som står fram mot sjøen[1]. Kong Sverre planla åtaket på Oslo 24. juli 1197 frå denne høgste høgda på Hovedøya.

Verneområde endre

Størstedelen av Hovedøya er freda av områdevern[2], men inndelt i fire ulike fredingssoner med forskjellig fredingsstatus. Øya er kjend for omfattande og sjeldan flora.

Hovedøya landskapsvernområde endre

Hovedøya landskapsvernområde (385 dekar) vart freda den 19. mai 2006 og omfattar historisk natur- og kulturlandskap og geologi.

Hovedøya landskapsvernområde med plantelivsfredning endre

Hovedøya landskapsvernområde med plantelivsfredning (107 da) vart freda den 19. mai 2006 og omfattar natur- og kulturlandskap med sjeldne planteartar.

Østre Hovedøya naturreservat endre

Østre Hovedøya naturreservat (158 da) vart freda den 19. mai 2006 og omfattar artsrik vegetasjon på kalkrik berggrunn og geologi.

Vestre Hovedøya naturreservat endre

Vestre Hovedøya naturreservat (56 da) vart freda den 19. mai 2006 og omfattar artsrik vegetasjon på kalkrik berggrunn og geologi.

Hovedøya kloster endre

På øya ligg òg ruinane av eit Cisterciensarkloster, Sancta Mariae kloster grunnlagt i 1147 av abbed Philippus frå Kirkstead i Lincolnshire, etter ønske frå oslobispen Viljam. Då Philippus og munkane kom til øya, var det alt ei kyrkje her, vigd til St. Edmund. Kyrkja skal ha hatt to skip, noko ein berre har eitt døme på i Noreg i dag, Clemenskirken i Gamlebyen i Oslo.

Munkeordenen, som først bestod av om lag 12 munkar og andre lekbrør, vart etter kvart svært velståande. Dei åtte på det meste 443 eigedomar og mellom anna storgardane Bygdøy, Bogstad, Frogner og Ullern. Munkane dreiv aktiv utvikling og eksperimentering innan jordbruksmetodar rundt på desse gardane. Gamle segn skal ha det til at det finst ein undersjøisk, hemmeleg tunnel frå Hovedøya og inn til ruinane i Gamlebyen, men nokon slik tunnel er aldri funnen.

Ein har funne glasmålerifragment her som stammar frå 1200–1300-talet, mellom anna ei samling fragment av rosettar og stilisert bladverk med klåre fellestrekk til glasmåleria i Lincolnkatedralen i England.

I 1532 vart alt klostergodset med eigedomane underlagde krona, og høvedsmann Mogens GyldenstjerneAkershus festning sette klosteret i brann 21. januar. Klosterdrifta opphøyrde heilt same året og vart redusert til eit steinbrot for vidare utbygging av Akershus festning og seinare Slottet.

Òg andre stader på øya har gjeve stein til Akershus festning. Det var så mange som tolv steinbrot rundt omkring, og det eldste stammer frå 1200-talet.

Forsvarsverk endre

 
Lavetthuset på Hovedøya
Foto: Tore Sætre
 
Gamle forsvarsverk på Hovedøya

Kong Sverre skal ifølgje sagaen ha vore til messe på Hovedøya før angrepet på baglarane i Oslo 24. juli 1197, og det stod eit større slag i bukta mellom øya og byen.

Øya har òg vore ein viktig del av for forsvaret av Christiania. Under Napoleonskrigane mellom 1807 og 1814 vart det bygd eit framskote forsvar med to kanonstillingar frå 1808 til å dekke innseglinga til byen. Vidare er det fem kruthus på øya (frå 1826 til 1827), den såkalla Kommandantboligen (frå 1850), opphavleg eit militært laboratorium, ombygd på slutten av 1800-talet til bustad; og eit stort lagerhus, det såkalla Lavetthuset (bygd 1847) som er det største utmurte bindingsverkhuset i Noreg. Her vart det mellom anna lagra lavettar (understell til kanonar), men òg anna militært utstyr som våpenvogner, telt osv. Særleg kruthusa vart bygd her ute fordi ein ikkje ønska å lagre så store krutmengder tett inne ved byen med den eksplosjons- og brannfaren dette ville innebere.

Hovedøya vart lagt ned som eige forsvarsanlegg kring 1850. Det har ikkje vorte løyst eit einaste skot mot findtlege skip frå kanonane på øya. I 1914 vart øya nytta som øvingsområde for Hans Majestet Kongens Garde, men ingen av dei brakkene som då vart sett opp står att.

I 1872 vart det bygd ein karantenestasjon på øya, for skip som kom til byen. Smitte frå skip utgjorde ein stor trussel mot hovudstaden. Karantenestasjonen vart nedlagd i 1931, då denne funksjonen vart flytta til Ullevål sjukehus.

Andre verdskrigen og 1950-talet endre

Under den andre verdskrigen bygd dei tyske militærstyresmaktene ein stor brakkeleir på sletta aust for klosterruinane, og òg Kommandantboligen og Lavetthuset vart nytta til innkvartering av militære mannskap. Nærast ruinane vart sletta planert til idrettsplass og brakka rett nord for ruinane som framleis står var offisersmesse.

Etter krigen vart brakkeleiren først nytta som interneringsleir for arresterte kvinner, seinare som midlertidige bustader for å avhjelpe bustadnauden. Til tidleg på 1950-talet budde det 150 familiar på øya, og ho hadde både butikk og postkontor, og i Lavetthuset var det skule.

Da Oslo kommune overtok øya frå staten i 1952 vart brakkebyen riven, men dei siste fastbuande flytta ikkje før i 1970. Oslo byantikvar brukte i fleire år Lavetthuset i samband med produksjon og visning av Oslomodellen. Etter at modellen vart flytta til meir eigna lokale på Akershus festning, har huset stått tomt i 15 år.

Frå 2006 er det igjen drift i Lavetthuset. I andre etasje finst no Hovedøya Klosterbibliotek, og fem atelièr for biletkunstnarar.

Skipsverft endre

I Båtforeningsbukta finn ein restar etter skipsverft frå 1640-åra der fleire av dei største skipa i den dåverande dansk-norske flåten vart bygde. I 1651 vart «Sophia Amalia» sjøsett, den gongen det største orlogsfartøyet i verda.

Rekreasjon endre

 
Hovedøya, 2005

Øya har alltid vore eit populært rekreasjonsområde for hovudstadsinnbyggjarane, sommar som vinter. Alt i 1914 vart det første offentlege badet bygd her. I bukta mot sør vart det bygd eit stort badeanlegg i 1924. Badet vart stengt av helsestyresmaktene i 1951 på grunn av den aukande vassforureininga på den tida. I løpet av dei 37 åra badet var ope, hadde det over 8 millionar gjester. Restar av fundamenteringa er framleis synleg. Seinare har reinsinga av kloakken frå byen medført at Hovedøya igjen har vorte eit svært populært fritids- og friluftsområde.

Ein kan ta rutebåt frå Rådhusplassen for å kome seg ut på øya, der båten legg til ved Munkebrygga. Ved Munkebrygga ligg òg Lavetthuset. I bukta på nord/austsida ligg det ei båthamn der fleire av byen sine båtforeiningar held til.

Sjå òg endre

Fotnotar endre

  1. Gustav Indrebø: 'Stadnam fraa Oslofjorden : Aker herad og Oslo hamn, Bærum herad, Asker herad' i Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo II Hist.-Filos. Klasse. 1928. No. 5 attgjeve i faksimile på sidene 87-140 i boka til Tore Ness, Navn i fjorden : Oslo-Asker-Bærum, Oslo 2008: Orion Forlag AS ISBN 978-82458-0847-6. Sjå side 99-100 i denne boka.
  2. Verneområder i Oslo sortert på kommuner. Naturbase. Direktoratet for naturforvaltning Arkivert 2008-06-11 ved Wayback Machine.. Vitja 4. april 2008

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Mydland, L.: Natur i kulturen – kultur i naturen. Fortidsvern nr. 4. 1995