Kuwait Petroleum Corporation
Kuwait Petroleum Corporation (arabisk مؤسسة البترول الكويتية} er Kuwait sitt nasjonale oljeselskap, med hovudkontor i Kuwait by. Føretaket vart grunnlagt den 27. januar 1980 som eit paraplyselskap, og tok opp i seg føretaka KOC, KNPC, KOTC og PIC. Slik fekk dei kuwaitiske styremaktene kontroll over desse føretaka.
Produkta til selskapet vert vanlegvis seld med varemerket Q8. I Sverige er underselskapet KPI-Q8 sine bensinstasjonar kjend som OKQ8, etter ei samanslåing av Q8 og svenske OK.
Underselskap
endre- Kuwait Oil Company (KOC)
- Kuwait National Petroleum Company (KNPC)
- Petrochemicals Industries Company (PIC)
- Kuwait Oil Tanker Company (KOTC)
- Kuwait Aviation Fueling Company (KAFCO)
- Kuwait Foreign Petroleum Exploration Company (KUFPEC)
- Kuwait Petroleum International Limited (KPI - Q8)
- Santa Fe International Corporation (SFIC)
- Kuwait Gulf Oil Company (KGOC)
- Oil Sector Services Company
- K-Dow Petrochemicals
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- http://www.kpc.com.kw/ Denne økonomiartikkelen som har med Kuwait å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.