Denne artikkelen handlar om instrumentet. For omgrepet i matematikk, sjå kvadrant i matematikk.

Ein kvadrant er eit gammalt instrument til måling av høgda til ein himmellekam over horisonten på ein gradert sirkelkvadrant. Av og til er kvadranten òg forsynt med horisontalsirkel (asimutalkvadrant). Murkvadrant er eit større instrument, oppstilt i meridianplanet. Murkvadrantar vart tidleg nytta i Orienten. I Europa vart den første konstruert av Tycho Brahe i 1587.

Klaudios Ptolemaios nyttar ein kvadrant.

Kjelder

endre