Kvadrant i matematikk

Ein kvadrant, av latin quadrans, 'firedel', er kvar av dei fire delane av eit koordinatsystem, avgrensa av den loddrette og den vassrette aksen. I geometrien vert dei nummererte motsols, med utgangspunkt i kvadranten øvst og til høgre, som er første kadrant.

Koordinatsystem med fire kvadrantar, med origo i sentrum
Kvadrant x-verdi y-verdi
I > 0 > 0
II < 0 > 0
III < 0 < 0
IV > 0 < 0

Ein sirkel kan òg delast i fire kvadrantar:

  1. kvadrant frå 0° til 90°
  2. kvadrant frå 90° til 180°
  3. kvadrant frå 180° til 270°
  4. kvadrant frå 270° til 360°

Kjelder endre

  Denne matteartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.