Opna hovudmenyen
Kvaløya
Lokalt namn: Fálá
Byen Hammerfest ligg på Kvaløya
Byen Hammerfest ligg på Kvaløya
Geografi
Norway - Kvaløya, Finnmark.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°36′N 23°51′EKoordinatar: 70°36′N 23°51′E

Areal 336 km²

Høgaste punkt Svartfjellet (629 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Finnmark
Største busetnad Hammerfest (6832 innb.)

Denne artikkelen er om Kvaløya i Finnmark fylke, for andre tydingar sjå: Kvaløya (fleirtyding).

Kvaløya (samisk Fálá) er ei øy i Finnmark fylke og er delt mellom Hammerfest og Kvalsund kommunar. Arealet er 336 km², og øya er såleis den 13. største i Noreg. Det høgste fjellet er Svartfjellet med 630 m.o.h. Hammerfest ligg på nordvestsida av øya. Øya er forbunde med fastlandet gjennom Kvalsundbrua.

Det meste av øya er avrunda, skoglause fjell, men øya har også område med fjellbjørk, som Jansvannsskogen nær Hammerfest, eit av dei nordlegaste skogholta i verda.

Kvaløya er eit viktig område for reindrifta i Finnmark, med ca. 1800 dyr på sommerbeite.

Namnet skal kome av at øya liknar ein kval når ein ser ho frå skipsleia gjennom Sørøysundet.