Hammerfest
By
Hammerfest
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Hammerfest
Areal 2,84 km²
Folketal 7 882  (2023)
Folketettleik 2 775 / km²
Postnummer 9600 HAMMERFEST
Innbyggjarnamn hammerfesting
Preposisjon i Hammerfest
Kart
Hammerfest kommune
70°39′48″ N 23°40′56″ E
Wikimedia Commons: Hammerfest (town)

Hammerfest (tidlegare òg Hamarfest på nynorsk) er ein by i Hammerfest kommune, nordvest i Finnmark fylke. Byen ligg på vestsida av Kvaløya. Folketalet er om lag 6800, noko som utgjer om lag 70 % av folketalet i kommunen. Hammerfest er ein av dei nordlegaste byane i verda.

Byen har ei isfri hamn. På Melkøya, rett utanfor Hammerfest, ligg landanlegget som behandlar og kjøler ned gassen frå Snøkvitfeltet. Anlegget blei sett i gang hausten 2007. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struvemeridianen.

Historie[1] endre

  • 1684: Hammerfest får si første kyrkje og prest. Folketalet ligg på rundt 60 personar.
  • 1764: Innbyggjarane i byen mister handelsretten etter befaling av kong Fredrik V. Dette fører til at Russland tek til å senda skip med korn til Hammerfest, den såkalla pomorhandelen.
  • 17. juli 1789: Hammerfest får bystatus.
  • 1792: Hammerfest får den første legen sin.
  • 18001814: Byen blir herja av pest og krigar. Blokaden til engelske fartøy under Napoleonskrigen fører til stor matmangel.
  • 1809: Byen blir plyndra av to engelske fregattar.
  • Ca. 1830: Byen unngår så vidt ein koleraepidemi.
  • 1839: Hammerfest får sin første tilsette brannmann.
  • 1859: Det første fyret i Finnmark blir bygd på Fuglenes. Den første reguleringsplanen for byen blir utforma.
  • 1868: Det første vassverket i byen blir bygd.
  • 1870: Ein telegrafstasjon som blir brukt av heile Finnmark, blir bygd.
  • 1890: To tredelar av byen blir øydelagd i brann.
  • 1891: Hammerfest blei den første byen i Noreg som hadde elektriske gatelys.
  • 1944: 14. februar 1944 slepte russiske fly spreng- og brannbomber over byen for første gong, men skadane var små. 29. august var det eit tilsvarande, men langt kraftigare luftangrep, der ei rekkje bygningar og gater i sentrum og skip på hamna, blei øydelagde. Då tyskarane trekte seg attende, tok dei endelege øydeleggingane til. Tidleg i november brende tyskarane dei første husa rundt byen. Mellom 12. og 14. november blei filétfabrikken sprengd. 22. november starta ei gradvis og systematisk gjennomført bydelsvis nedbrenning, som blei avslutta då tyskarane forlét øya den 10. februar 1945.
  • 1945: Innbyggjarane blir tvangsevakuerte av dei tyske myndigheitene. Berre eitt bygg stod igjen, gravkapellet. Dette blei bygd i 1937 og er det eldste huset i byen.
  • 1989: Hammerfest feirar 200-årsjubileet sitt som by.
  • 2007: Snøhvitanlegget på Melkøya blir sett i drift i september. Den største industriutbygginga i Nord-Noreg er eit faktum.

Samferdsel endre

Veier endre

Hammerfest har vegsamband sørover med riksveg 94 til Skaidi og europaveg 6}.

Fly endre

Hammerfest lufthavn ligg på Fuglenes, ca. 30 minutt gange frå Hammerfest sentrum. Frå Hammerfest har Widerøe ruter hovudsakleg til Tromsø, men også til Vadsø og Kirkenes, i tillegg til dei ni andre flyplassane i Finnmark. I tillegg flyg Norsk Helikopter til diverse offshoreinstallasjonar.

Hurtigrute og hurtigbåter endre

Hammerfest er stoppestad for Hurtigruta. Hurtigruta kjem til Hammerfest kvar dag klokka 11.30 (sørgåande) og 05.30 (nordgåande). Det er snøggbåtsamband frå Hammerfest til Alta og Hasvik, Akkarfjord, Kårhamn, Lotre, Langstrand, og Øksfjord og Loppa. Fredag og søndag er det samband til Rolvsøy, Ingøy og Havøysund.

Utdanning endre

Hammerfest har ein offentleg vidaregåande skule, Hammerfest vidaregående skule

UiT Noregs arktiske universitet har ei avdeling i Hammerfest som tilbyr sjukepleiarstudium. Han ligg rett ovafor Hammerfest sjukehusFuglenes.

Vennskapsbyar endre

Kjelder endre

  1. (Basert på ei liste frå Høgskulen i Volda Arkivert 2009-04-01 ved Wayback Machine..)