Kvalsaukan bru er ei bru som kryssar HognfjordenHinnøya, i Sortland kommune i Nordland. Ho er ein del av riksveg 82. Brua er 425 meter lang og har seglingshøgd på 8 meter.

Kvalsaukan bru

Kvalsaukan bru, juni 2006
Typevegbru
StadHinnøya i Sortland kommune
Opna5. september 1974
StrekningFylkesveg 82
Lengd401 meter
Fri høgd8 m
Største spenn24 meter
KryssarHognfjorden
Materialebetong
Kart
Kvalsaukan bru
68°43′32″N 15°31′23″E / 68.72555556°N 15.52305556°E / 68.72555556; 15.52305556

Kvalsaukan bru vart teken i bruk 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse var oppførte på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens Vegvesen, og gav kommunane ferjefri vegsamband. Kvalsaukan bru var den einaste av dei fire bruene som ikkje vart finansiert med bompengar.

Kvalsaukan bru og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.

Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Andøybrua og Hadselbrua. Saman med Sortlandsbrua erstatta Kvalsaukan bru ferjestrekninga mellom Sortland og Maurnes.

Kjelder endre