Kvassdå er ei eittårig urt i lepeblomsterfamilien. Utbreiingsområdet til arten ligg innanfor Europa. Planta vert kring 30 cm høg, og har stivhåra stengel, som øvst har kjertelhår. Ho har raud eller raudleg krone med flat tverr midtflik i underlepen. Kvassdå blomstrar kring juli månad. Han veks som ugras i åkrar, og finst elles ved steinrøyser, sauehellerar og på havstrand.

Kvassdå
Kvassdå
Kvassdå
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Underfamilie: Lamioideae
Slekt: Dåslekta Galeopsis
Art: Kvassdå G. tetrahit
Vitskapleg namn
Galeopsis tetrahit
Kvassdå i Estland

Kvassdå er kanskje heimleg, men er òg komen inn med tidleg jordbruk. Han veks i alle landsdelar i Noreg.[1]

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 965.