Kverneland Group
Kverneland Group er ein norsk fabrikant av landbruksutstyr, særleg av plogar. Selskapet er eit av verdas største på sitt område, og vart etablert av Ole Gabriel Kverneland (1854-1941) i 1879.[2]
Kverneland Group | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | Kubota ![]() |
---|---|
Skipa | 1879Kvernaland | på
Eigar | Kubota |
Bransje | landbruksmaskinindustri |
Produkt |
|
Hovudkontor | Klepp kommune ![]() |
Grunnleggjar | Ole Gabriel Kverneland |
Konsernsjef | |
Tilsette |
|
Nettstad | https://ien.kvernelandgroup.com |

Hovudkontoret ligg i Klepp kommune, i tettstaden Kvernaland, og Kverneland har om lag 2 300 tilsette på verdsbasis. Konsernet har fabrikkar i Noreg, Danmark, Tyskland, Nederland, Frankrike, Italia, Russland og Kina.[3]
Kverneland var ei familiebedrit til ho vart notert på Oslo Børs i 1983. I 1989 vart Kverneland ASA stifta som akssjelskap. Frå midten av 1990-talet vart selskapet utvida gjennom kjøp av andre landbruksutstyrsfabrikantar i Europa. Då hadde det allereie kjøpt opp Globus Maskinfabrikk i Brumunddal i 1955, Plovfabrikken Fraugde i Odense i 1973, Kyllingstad Plogfabrikk på Kleppe i 1984 og Underhaugs Fabrikk på Nærbø i 1986. I 2012 fekk Kverneland Group det japanske føretaket Kubota som eigar.[4] Selskapet vart teke av Oslo Børs i mai 2012.[5]
Galleri Endra
Kjelder Endra
- ↑ «About iM FARMING». Henta 12. august 2019.
- ↑ «Kverneland ASA». Store norske leksikon (på norsk). 11. juli 2019.
- ↑ Group, Kverneland, «Om Kverneland Group», Kverneland Group Norge, henta 6. september 2019
- ↑ Group, Kverneland, «From Local Forge To An International Group», Kverneland Group Corporate, henta 6. september 2019
- ↑ Odd Pihlstrøm: Kubota vil doble plogproduksjon på Jæren Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., Stavanger Aftenblad, 29. juni 2012