Opna hovudmenyen

Ole Gabriel Kverneland

norsk industrileiar

Ole Gabriel Kverneland (29. mai 185411. mai 1941) var ein norsk industrireisar frå Time kommune, kjend for å ha stifta O.G. Kvernelands Fabrik i 1879, på KvernalandJæren, som seinare vart til Kverneland Group.

Ole Gabriel Kverneland
Fødd 29. mai 1854
Time
Død

11. mai 1941
Rogaland fylke

Yrke forretningsdrivande

Innhaldsliste

OppvekstEndra

Ole Gabriel Kverneland var det 11. barnet av 12 born[1], og kom frå eit av bruka på matrikkelgarden Kvernaland. Faren hans, Gabriel, var smed og laga plogar med veltefjøler av jarn, som ikkje var så vanleg på den tida[2]. Farfaren hans, Ole Knutsson reiste alt i 1802 ei gardssmie. Han var kjend som ein meister i å hamra til ein skarp egg på tynne ljåar. Nevøen hans Trygve som var sønnen til den yngre broren hans, Tønes, skulle bli opphavsmann til TKS (Trygve Kverneland & sønner) som også heldt til på Kvernaland.[treng kjelde]

FørebuingEndra

16 år gammal, i 1870, byrja Ole Gabriel på Jan Adolf Budde sin landbruksskule på Austrått ved Sandnes. Der fekk han både ansvar for skulesmia og opplæring og ansvar for bokføringa for skulen. Her teikna han plogar og andre landbruksreiskap. Han kopierte også ein skotsk stålplog som han brukte i konkurransepløying. I 1872 fekk han ein sølvmedalje for ein plog han hadde laga.

I 1877 fekk han eit stipend som J.A. Budde skaffa han som han brukte på ei reise til nordiske ljå- og plogfabrikkar. Etter denne reisa konstruerte og kopierte han ein vassdriven smedhammar etter ein modell av ein amerikansk fjørhammar han hadde sett på ein geværfabrikk i Eskilstuna, og tok til å laga ljåar og sigdar heime i faren si smie.

EtableringEndra

I 1879 kjøpte han ein part i vassfallet i Frøylandsåna og etablerte si eiga smie. Dette var den første smia på Jæren der det blei lagt opp til fabrikkmessig drift. Ljåproduksjonen låg rundt 6000 til 7000 i året[2]. Etter ei studiereise til England utvida han produsjonen til knivar, sakser og gaflar.

UtvidingEndra

I 1894 stifta han aksjeselskapet O.G. Kvernelands Fabrik og utvida produksjonen[3]. På denne tida produserte Kverneland hovudsakleg hestedregne reiskapar som plogar og harver. Då dei første traktorane kom på 1920-talet tok selskapet til å utvikla reiskap tilpassa traktorar. I 1928 kom den første traktorplogen frå Kverneland. Dei fortsette likevel med å produsere produkt som hesteriver, høygafler, steingafler og horver[3].

KjelderEndra

  1. Espeli, H., O G Kverneland – utdypning, Store norske leksion. (vitja 21/6-2010.)
  2. 2,0 2,1 Jøssang, L.G., Industrieventyret på Jæren- 1800 - 2000, Det norske samlaget, 2004.
  3. 3,0 3,1 From local forge to an international group, Kverneland Group.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.