Kvernes prestegard

63°00′22″N 7°43′24″E / 63.00611°N 7.72333°E / 63.00611; 7.72333

Hovudbygningen
Foto: G. Sætre (1975)
Borgstova
Foto: G. Sætre (1975)

Kvernes prestegard (gnr. 22[1]) ligg nordaust for Kvernes kyrkje og Kvernes stavkyrkje. Kyrkjene står på grunnen til prestegarden, og prestegarden har gjeve namn til bygda og soknet.

Hovudbygningen vart oppført i 1908–10. Det er ein bygning i to etasjar med valmtak og liggjande panel. Borgstova vart oppført rundt 1840. Det er eit laftebygg i to etasjar med skifertekka saltak og ståande panel. Eit naust med torvtak vart oppført i 1790. Borgstova og naustet er freda.

Litt lengre sør er ein forpaktarbustad, ein driftsbygning og eit uthus frå byrjinga av 1960-åra.

Fotnotar endre

  1. Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke Arkivert 2019-04-12 ved Wayback Machine. (Riksantikvaren, 2016), s. 112.

Bakgrunnsstoff endre