Opna hovudmenyen

Koordinatar: 63°0′19″N 7°43′19″E

Kvernes stavkyrkje
kyrkje
Kvernes stavkyrkje.jpg
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Takryttar ja
Diverse Eigd av Fortidsminneforeninga.
Wikimedia Commons: Kvernes stave church

Kvernes stavkyrkje er ei stavkyrkje i Averøy kommuneNordmøre. Kyrkja er av møretypen med mellomstavar i ytterveggene og tverrgåande bjelkar. Karakteristisk for denne kyrkja og Rødven stavkyrkje er dei utvendige skordene. Kyrkja vart truleg bygd på siste halvdel av 1300-talet. Kyrkja vart omfattande ombygd mellom anna med lafta kor i 1633.

I samband med ombyginga i 1633 vart inngangen flytta frå vestsida av kyrkjeskipet til sørsida. I 1776 vart kyrkja igjen ombygd og endå ei gong i 1810 med ein takryttar.

I 1894 vart kyrkja seld og kjøpt av ei gruppe menneske som seinare gav heile kyrkja til Fortidsminneforeningen.

KjelderEndra

  • Leif Anker og Jiri Havran (2005). Kirker i Norge, bind 4: Middelalder i tre. Oslo: ARFO. s. 316–323. 
  • Kvernes stavkirke på Kyrkjesøk
  • Vis Kvernes stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.