Kvilemasse

Kvilemasse er massen til ein lekam når han ligg i ro i forhold til sitt eige referansesystem. Kvilemassen kan skrivast som eller .

Kvileenergien til ein partikkel er definert som:

,

der er lysfarten i vakuu.[1]

I visse formuleringar av den spesielle relativitetsteorien fører auka fart hos ein partikkel til at den totale massen aukar i følgje ein observatør som står i ro. Dette blir derimot først merkbart når partikkelen når ein fart på fleire hundre kilometer per sekund (ca. tusen gonger lydfarten eller nokre promille av lysfarten). Masseaukinga blir forklart i slike formuleringar med at auka fart krev meir energi og i følgje den spesielle relativitetsteorien er all masse ekvivalent med energi.[2]

Partiklar som rører seg med lysfarten, som foton og nøytrino, har ingen kvilemasse.[3]

Sjå ògEndra

KjelderEndra