Kvina
Kvina er ei elv i Agder fylke. Elva har gjeve namn til Kvinesdalen, som igjen har gjeve namn til kommunen Kvinesdal. Saman med elva Sira er elva del av Sira-Kvina vasskraftutbygginga.
Kvina | |||
elv | |||
Kvina renn ut i Fedafjorden
| |||
Nedslagsfelt | 1 445 km² | ||
---|---|---|---|
Renn gjennom | Kvinesdal | ||
Sideelvar | Litleåna | ||
Lengd | 110 km | ||
Middelvassføring | 32 m³/s | ||
Kjelde | Kvinavatnet | ||
Munning | Fedafjorden ved Kvinesdalen | ||
Kvina 58°16′20″N 6°53′18″E / 58.2722°N 6.8884°E | |||
Wikimedia Commons: Kvina |
Kvina har ei uregulert sideelv som heiter Litleåna. Kvina er sterkt regulert av Sira-Kvina Kraftselskap, og vatn frå 809 km² (56%) vert overført til Sira i Sirdal. Elva (inkludert Litleåna) hadde ei middelvassføring på 81 m³/s før regulering. I dag har elva ei middelvassføring på 32 m³/s.
Kvina er i dag lakseførande til Rafoss, dvs. ei strekning på 13 km, og i Litleåna går laksen til Åmot, 1 km opp i elva.
Kvina er òg ei bygd i Lurøy kommune på Helgelandskysten.