Kvinne-stormeister i sjakk

Kvinne-stormeister i sjakk (WGM), engelsk Woman Grand Master, er den høgast rangerte sjakktittelen som berre kan tildelast kvinner, utanom tittelen som Kvinne-verdsmeister i sjakk. Tittelen er livsvarig.

Verdssjakkforbundet FIDE innførte tittelen i 1977, som ein tittel over den dåverande tittelen Kvinne-IM i sjakk (WIM), engelsk Woman International Master.

WGM-tittelen blir tildelt for prestasjonar på eit klart lågare nivå enn den vanlege stormeister-tittelen, og faktisk også noko under nivået for Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Krava til WGM-tittelen er i korte trekk at spelaren må ha klart sterke prestasjonar, i 2 eller 3 sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. Prestasjonane må etter Verdssjakkforbundet sitt ratingsystem tilsvare ein rating på minst 2350. Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 3 kvinnestormeistrar eller spelarar med høgare rangert tittel i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.

Det blir også kravd at spelaren på eit eller anna tidspunkt har hatt eigen rating på over 2300.

Her er også reglar som gir WGM-tittelen automatisk til f eks vinnaren av Kvinne-verdsmeisterskapen for juniorar. Gjeldande reglar finst i FIDE sin handbok på nettet. [1]

Svært mange sterke kvinnelege sjakkspelarar har kvalifisert seg til tittelen Internasjonal Meister i sjakk i tillegg til å vere WGM, og sidan om lag år 2000 har dei aller fleste av dei 10 beste kvinnelege sjakkspelarane i verda hatt den vanlege tittelen Stormeister i sjakk. Vinnaren av Kvinne-verdsmeisterskapen i sjakk blir tildelt den vanlege stormeister-tittelen viss ho ikkje allereie har tittelen.[2] [1] FIDE si ratingliste for pr. 1 april 2021 viser at 318 kvinner har WGM-tittelen.[3]

På denne lista er det 94 kvinner som held dei høgare rangerte opne titlane i tillegg til kvinne-titlar - 121 Internasjonale Meistrar og 37 Stormeistrar. [4]

Noreg har pr. 1.april 2021 to spelarar med tittelen Kvinne-stormeister i sjakk: Olga Dolzhikova og Niina Koskela, etter at desse i 2012 melde overgang frå høvesvis Ukraina og Finland.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre