Kykkelsrud kraftverk
Kykkelsrud kraftverk er eit vasskraftverk i Glomma i Indre Østfold kommune i Viken fylke. Det blei tatt ut av produksjon i september 2008, og blir erstatta av eit nytt kraftverk som ein del av Fellesanlegget Kykkelsrud Fossumfoss kraftverk. Det nye kraftverket, FKF4, ligg i inntakskanalen til gamle Kykkelsrud kraftstasjon. Det vil få ei yting på 40 MW.
Kykkelsrud kraftverk | |
![]() | |
«Parti fra Kykkelsrud», postkort. Foto: Carl Normann/Nasjonalbiblioteket | |
Opna i | 1903 |
---|---|
Stad | Viken: |
Maskininstallasjon | 22,5 MW |
Største utnytta fallhøgd | 20 m |
Magasinkapasitet | 35 GWh |
Eigd av | Hafslund produksjon |
Nettstad | www.hafslund.no |
Kraftverket er ått av Hafslund produksjon. Namnet Kykkelsrud blir i dialekt uttala kjikkelsu. Første ledd er Ketjul, ei sideform til mannsnamnet Ketil.
KjelderEndra
- Fellesanlegget Kykkelsrud Fossumfoss - Hafslund Arkivert 2010-12-18 ved Wayback Machine.
- «Kykkelsrud kraftverk» i Store norske leksikon, snl.no.
BakgrunnsstoffEndra
- Kykkelsrud kraftverk i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren