Kyoto av Tangerine Dream

Kyoto
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Mai 2005
Innspelt 1983 / 2005
Sjanger
Lengd 1:05:24
Selskap Eastgate
Produsent Edgar Froese, Johannes Schmoelling
Tangerine Dream-kronologi 
Brighton - March 25th 1986
(2005)
Kyoto Jeanne d'Arc
(2005)


Kyoto er det 91. albumet totalt og det 31. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeven i mai 2005.[1]

I forkant av utgjevinga gjekk det rykte om at albumet skulle innehalde nye samarbeid mellom Edgar Froese og det tidlegare bandmedlemmet Johannes Schmoelling, men albumet viste seg å innehalde opptak som var til overs frå 1983, pynta på i studio i 2005.[1] I eit intervju i september 2005 sa Schmoelling: «Det var ganske kjekt å arbeide med Edgar. Kyoto er meir ein kombinasjon av 'Ok, kva har du i arkivet ditt? Kva har eg i mitt? La oss leggje det saman'. Eg syns det er ei ganske bra plate, men eg er ikkje så glad i å sjå attende i fortida, på det me gjorde tjue-tjuefem år sida.»[1] Nesten eitt år seinare vart eit liknande album gjeve ut, Blue Dawn, som er eit samarbeid mellom Froese og det tidlegare medlemmet Ralf Wadephul, med unytta opptak frå 1988.

Eitt spor er omarbeidd frå filmmusikkalbumet The Park Is Mine.[1]

I mars 2009 kom albumet ut på nytt med nytt plateomslag.

Innhald endre

All musikk er komponert av Edgar Froese og Johannes Schmoelling.

Nr.TittelLengd
1.«Streets of Kyoto»7:26
2.«Industrial Life»5:54
3.«Chilly Moons»8:55
4.«Lizard Lounge»4:42
5.«Cherry Blossom Road»5:59
6.«Tamago Yaki»7:48
7.«Craving for Silence»6:13
8.«Mad Sumo Yamoto»3:19
9.«Kyoto Sunrise»4:00
10.«Last Train to Osaka»3:44
11.«Shogun's Prayer»7:25

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kyoto». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.