Kyrfossen i Hordaland
Kyrfossen er den 32. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg ved Osa i Ulvik herad i Vestland. Fossen har eit totalt fall på om lag 450 meter og det største fallet er 360 meter. Kyrelvi, som fossen er ein del av, er eit av dei få vassdraga i området som ikkje er regulert.
Kyrfossen | |||
foss | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Ulvik | ||
Elv | Kyrelvi | ||
Totalt fall | 450 m | ||
• Lengste fall | 360 m | ||
• Midla breidd | 9 m | ||
Status | Ikkje regulert | ||
Kyrfossen i Hordaland 60°34′39″N 7°03′40″E / 60.57739°N 7.06113°E |
Ein ser best fossen frå anleggsvegen til Osafjellet. Vegen er ein bomveg.
Elva drenerer mindre isbrear og nedbørsfltetet på nordvestsida av det 1406 meter høge Kyrelvfjellet. Etter fossen renn elva ut i Austedøla som no er regulert i samband med vasskraftutbygginga Lang-Sima.
Vassmengda i elva er relativt liten og varierer med nedbør og snøsmelting.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Kyrfossen på World Waterfall Database Arkivert 2007-10-25 ved Wayback Machine.