Kyrkøyna

matrikkelgard i Gulen kommune

Kyrkøyna, tidlegare skrive Kirkøy, Kirkøen og Kyrkjeøy, er ein gard i Gulen kommune i Vestland. Kyrkøyna har matrikkelnummer 6 i Gulen.[2]

Kyrkøyna
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5966 EIVINDVIK[1]
Kart
Kyrkøyna
61°04′52″N 5°10′13″E / 61.081111111111°N 5.1702777777778°E / 61.081111111111; 5.1702777777778

Geografi

endre

Garden ligg på ei lita øy nordom Rutledal. Via to bruer er det gangsti over to holmar ut til øya.[3]

Historie

endre

I mellomalderen stod det ei kyrkje på Kyrkøyna. I kjeldene er ho nemnt fleire gonger kring 1350, mellom anna i Bjørgvin kalvskinn, og der er ho omtala som «Ruzla kirkia», 'Rutle kyrkje'.[3][4]

Namnet kjem av at øya var kyrkjestad i mellomalderen.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Kyrkøyna» i 1986.[5]

Når gardsnamnet vert brukt som slektsnamn plar det skrivast «Kyrkjeøy».

Kjelder

endre
  1. «Postnummerkart». Posten.no. Henta 12. november 2010. 
  2. «Gardsleksikon». Sogn og Fjordane Fylkesarkiv. Henta 12. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 Ivar Kleiva (1996). «Gnr. 6. Kirkøy : Kyrkjeøy». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 78. 
  4. «Rutle kyrkjestad». Riksantikvaren. Henta 12. november 2010. 
  5. «Kyrkøyna i Gulen». yr.no. Henta 12. november 2010. 

Vidare lesnad

endre
  • Ivar Kleiva: «Gnr. 6 Kirkøy : Kyrkjeøy» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band l, side 78-84.

Bakgrunnsstoff

endre