61°04′20″N 05°11′12″E / 61.07222°N 5.18667°E / 61.07222; 5.18667

Huset på bryggja er det gamle Rutledal Handelshus
Foto: John Erling Blad
Rutledal
Foto: Bjarne Thune
Fergekaien i Rutledal
Foto: Bjarne Thune

Rutledal er ei bygd og ein ferjestad i Gulen kommune i Vestland. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, om lag 20 kilometer nordaust for kommunesenteret Eivindvik. Her kryssar fylkesveg 57 Sognefjorden med ferjestrekninga Rutledal-Rysjedalsvika, medan fylkesveg 606 kryssar fjorden med ferjestrekninga Rutledal-Krakhella.

Skjera og holmane som kallast Rutletangane vernar mot sjøen og stormen frå vest og nord. Garden Rutledal ligg omtrent ti km nordaust for Gulen kyrkje i Eivindvik.

Namnet endre

Rutledal er først nemnd omkring 1350 og då skrive Rutzladale. Skrivemåten tyder på at namnet er ei genitivsform av Rutle og dermed tyder Rutles dal. Det blir uttalt ru'ttledal og vart skrive Røtledal i 1567 og 1603, Rutledall i 1611, Rutledalen i 1667, Rutledal i 1723.[1]

Historie endre

I 1938 vart det funne ei klebersteinskål i ei løetuft, og det viser at det har vore busetjing her svært lenge.[1]

Frå 1785 til 1868 var Rutledal poststasjon i postruta Bergen – Molde. Det vart då bygt veg gjennom Nordguldalen til Rutledal, slik at dei ridande «postkarlene» skulle kunna koma seg raskt fram. Vegen hadde sju bruer, og han var ferdig i 1790. Vegen er vorten omlagd og utbetra fleire gonger. Frå Rutledal vart posten ført med båt over Sognefjorden.[1]

I 1916 vart det oppretta ei postrute frå Rutledal til Sygnefest. Rutledal fekk rikstelefon i 1915 og brevhus i 1928. Fylkesbaatane har hatt rutestopp i Rutledal frå 1921. I 1959 vart det bygt veg til Brosvik. Den vart seinare ført vidare til Sygnefest, Rise og Dingja.[2] I 2007 vart vegen ført vidare heilt fram frå Dingja til kommunesenteret Eivindvik.

I 1924 opna Sigvald Berntson Rutledal landhandel, og som attåtnæring fekk han ekspedisjon av rutebåtane. Sigvald stengde butikken i 1964.[3]

I åra 194045 under den andre verdskrigen bygde tyskarane mange brakker og festningsverk i Rutledalen mellom anna Torpedobatteriet ved Rutledal. Tyskarane bygde også veger i området som seinare er bygde om til bilveg. Rutledal har hatt rutebilsamband både med Brekke og Bergen.[2]

Rutledal Handelshus endre

Brynjulf Rutledal etablerte Rutledal Handelshus rett før krigsutbrotet og dreiv det ved sida av eit gardsbruk i Rutledal. Handelshuset låg lagleg til ved sjøen og hadde eit variert vareutval. Butikken vart også brukt av mange som kom sjøvegen. Han vart stengd i 1986.[4]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 55
  2. 2,0 2,1 Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, bind1 side 56
  3. Handelsmann Sigvard Rutledal
  4. Varehandel i Gulen - Rutledal

Litteratur endre

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996,

Bakgrunnsstoff endre