Kyrkjedepartementet
Kyrkjedepartementet er det sentrale administrative oranet i Den norske kyrkja. Kyrkjedepartementet er for tida (2008) ein del av Kultur- og kyrkjedepartementet, som har ein eigen kyrkjeavdeling som tar seg av kyrkjesaker.
Etter den norske kyrkjeordninga er Kongen den øvste forvaltningsstyresmakt i Den norske kyrkja. Kyrkjedepartementet har som oppgåve å førebu alle forvaltingsoppgåver Kongen avgjer, og å førebu kyrkjelege lovsaker for Stortinget.
Kyrkjedepartementet utarbeider òg framlegg til statsbudsjett for kyrkja, med formuleringar av mål, prioriteringar og utfordringar for kyrkja.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Handbok for sokneråd og kyrkjelge fellesråd 1997 utg. av Kyrkjerådet i samarbeid med Kirkens arbeidsgiverorganisasjon