Kultur- og likestillingsdepartementet
Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er eit norsk departement med ansvar for kultur-, likestilling og diskriminering-, medie-, idretts- og pengespel- og lotterisaker og koordinerer statleg politikk i samanheng med friviljug sektor.[1] Frå og med 28. juni 2023 har Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet vore Kultur og likestillingsminister i Noreg, ho tok over etter Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet.
![]() | |
Type | Departement |
---|---|
Virkefelt | Noreg |
Statsråd | Lubna Jaffery (Ap) |
Historie Endra
Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818.
- Under Kåre Willoch si regjering blei altså dette departementet delt i 1982 og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.
- I 1990 blei dei to departementa reorganiserte. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
- I 1991 blei kyrkjesakene tilbakeført, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
- Frå 1. januar 2002 vart dette endra på nytt, og departementa fekk namna Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
- Frå 1. januar 2010 vart namnet på departementet endra til Kulturdepartementet etter at Regjeringa Stoltenberg II bestemte å flytte kyrkjesakene over til Fornyings- og kyrkjedepartementet.
- Frå 1. januar 2022 vart namnet på departementet endra til Kultur- og likestillingsdepartementet.
Organisasjon Endra
Politisk leiing Endra
Statsråd og sjef for departementet (kultur- og likestillingsminister) er frå 28. juni 2023 Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet.[2]
Avdelingar Endra
Departementet har ein statsrådseksjon, ei kommunikasjonseining i tillegg til fem fagavdelingar:
- Administrasjonsavdelinga
- Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
- Avdeling for sivilsamfunn og idrett
- Kulturvernavdelinga
- Medie- og kunstavdelinga
Underliggande etatar som er lista i KUD Endra
- Diskrimineringsnemnda
- Likestillings- og diskrimineringsombodet
- Kulturtanken - Den kulturelle skulesekken
- Arkivverket
- KORO - kunst i offentlege rom
- Nasjonalbiblioteket
- Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje
- Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek
- Språkrådet
- Lotteri- og stiftelsestilsynet
- Medietilsynet
- Norsk filminstitutt
- Norsk kulturråd
- Riksteatret
Underliggande tidlegare eller andre mindre etatar Endra
Tidlegare kulturministrar Endra
Periode | Statsråd | Parti |
---|---|---|
1981–1986 | Lars Roar Langslet | Høgre |
1986–1989 | Hallvard Bakke | Arbeidarpartiet |
1989–1990 | Eleonore Bjartveit | Kristeleg Folkeparti |
1990–1996 | Åse Kleveland | Arbeidarpartiet |
1996–1997 | Turid Birkeland | Arbeidarpartiet |
1997–1999 | Anne Enger Lahnstein | Senterpartiet |
1999–2000 | Åslaug Haga | Senterpartiet |
2000–2001 | Ellen Horn | Arbeidarpartiet |
2001–2005 | Valgerd Svarstad Haugland | Kristeleg Folkeparti |
2005–2009 | Trond Giske | Arbeidarpartiet |
2009–2012 | Anniken Huitfeldt | Arbeidarpartiet |
2012–2013 | Hadia Tajik | Arbeidarpartiet |
2013–2015 | Thorhild Widvey | Høgre |
2015–2018 | Linda Hofstad Helleland | Høgre |
2018–2020 | Trine Skei Grande | Venstre |
2020–2021 | Abid Raja | Venstre |
2021–2023 | Anette Trettebergstuen | Arbeidarpartiet |
2023– | Lubna Jaffery | Arbeidarpartiet |
Sjå òg Endra
Kjelder Endra
- ↑ Kultur-og kirkedepartementet (16. mars 2020), «Ansvarsområder for Kultur- og likestillingsdepartementet», Regjeringen.no (på norsk), henta 24. mai 2022
- ↑ Kultur-og kirkedepartementet, «Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap)», Regjeringen.no (på norsk), henta 28. juni 2023