Kystfart syner til skipsfart innanriks, typisk langs kysten av eit land, på elvar, kanalar og innsjøar. Dette vert òg omtalt som liten kystfart.

For å drive persontransport i rute må ein ha løyve frå fylkeskommunen etter samferdselslova av 4. juni 1976 eller, for riksferjer frå samferdselsdepartementet. Elles er kystfart (transport utanfor rute) ope for alle skip, òg utanlandske.

Omgrepet stor kystfart vert nytta om fart i svenske, danske og tyske farvatn aust for ei linje Lindesnes–vestmunninga av Limfjorden, til ei linje KarlskronaŚwinoujście.

KjelderEndra