Kyst er område der landjorda møter havet. Ei kystlinje er eigentleg ei linje på eit kart som viser til ein kyst, men ordet blir ofte brukt om sjølve kysten.

Utsyn over Helgelandskysten frå Torghatten.
Strand med sand, svaberg og tare.
Foto: ZorroIII

Kysten og områda rundt, både innover mot land og utover mot havet, er særeigne økosystem med ei blanding av fersk- og saltvatn som har mange næringsstoff for livsformene. Strender og svaberg gjev også grunnlag for mange ulike plantar, og smådyr som er viktige for næringskjeden.

Eit gammalt sjøuttrykk for kyst er vall. Legervall vart sagt om farleg land i le.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «kyst» (30. desember 2019) i Store norske leksikon, snl.no.
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.