L’Hospitalet de Llobregat

(Omdirigert frå L'Hospitalet de Llobregat)

L'Hospitalet de Llobregat, eller berre L'Hospitalet, er ein by som ligg like sørvest for Barcelona i Catalonia i Spania. Ut frå folketal er han den nest største byen i Catalonia med kring 280 000 innbyggjarar. L'Hospitalet de Llobregat er kjend for å vere den mest folketette byen i heile Spania og i heile Den europeiske unionen med nesten 21 000 innbyggjarar per kvadratkilometer.

L’Hospitalet de Llobregat
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: L'H
Land  Spania
Region Catalonia
Provins Barcelona
Høgd 27 m
Areal 12,40 km²
Folketal 279 993 (2024)
Grunnlagd 1100-talet
Kart
L’Hospitalet de Llobregat
41°21′32″N 2°05′57″E / 41.358888888889°N 2.0991666666667°E / 41.358888888889; 2.0991666666667
Wikimedia Commons: L'Hospitalet de Llobregat

Historie

endre

Ein har funne spor etter folk i området frå steinalderen. Det er òg funne spor etter romarane frå 100-talet f.Kr., som ein gravdekorasjon av hovudet til Medusa som i dag er utstilt på arkeologisk museum i Barcelona. Det var først på 900-talet at det dukka opp skriflege kjelder til Provençana, som var det opphavlege namnet på byen. Det noverande namnet kjem frå katalansk og kjem av eit herberge ved kyrkja Santa Eulalia de Provençana, som vart nytta av pilegrimar i mellomalderen. Byen vart verande ein landsby fram til 1800-talet då dei første tekstilfabrikkane vart bygd og folketalet auka. I 1960- og 1970-åra opplevde byen ein ny stor folkeauke då folk flytta hit frå fattiga område i Spania. Nødvendige tiltak for å byggje ut skular, bustader og infrastruktur vart derimot ikkje gjennomført før i 1990-åra.

Den svenske målaren og anarkisten Ivan Aguéli, som konverterte til islam og sufisme, døydde her, påkøyrt av eit tog i 1917.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: L’Hospitalet de Llobregat