Ei grav er ein stad kroppen eller oska til ein død person er gravlagd. I norsk kristen tradisjon er desse stadene som regel i eit hol ein har grove i jorda, som namnet viser. Historisk sett har ein òg hatt gravstader i naturlege grotter og ulike byggverk. På eller ved ei grav er det vanleg å setja eit gravminne. Fleire graver som ligg saman blir kalla ein gravlund. I Noreg er denne svært ofte ein kyrkjegard.

Ei open grav.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Grav