L´homme Armé (den væpna mannen), er ei kjend fransk vise frå 1400-talet. Songen handlar om ein leigesoldat. Desse var svært frykta og vidgjetne i samtida.

Teksten fortel at ein skal ottast den væpna soldaten, og krev at alle skal kle seg i jarnskrud. Melodien er truleg laga av Antoine Busnoys.

Sjølv om visa er verdsleg, og moglegvis ei folkevise, vart han tidleg nytta som førelegg for messer, og det var skrivne mange L`homme Armé-messer frå 1450 og opp mot 1600. Melodien har truleg vore den vanlegaste cantus firmus-melodien i renessansen.

{spire} .