Lårdal stavkyrkje
Lårdal stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunnen til prestegarden Eik (gnr. 21), men ved prestegardstunet, om lag 170–180 meter lengre sør. Soknet og presten er nemnde i 1396[1] og i 1424.[2] Lårdal prestegjeld («Laur dall preeste gield») er omtala i 1547,[3] men prestegjeldet må altså ha eksistert ei god stund tidlegare. I Jens Nilssøn sin visitasrapport[4] går det fram at kyrkja ligg sør for prestegarden, og Eik-namnet (eller «Eg») vert òg nytta. Soknet vert kalla «Lauerdall» (altså Lårdal) og har tre anneks i Eidsborg, Høydalsmo og Øyfjell.
Kyrkja skal i likhet med Eidsborg ha vore ei einskipa stavkyrkje,[5] og i 1662 vart det meld at taket var «ganske vanmægtigt» og svalene rundtom «ganske unyttige og forladne». Bekymringsmeldingane vart gjentekne i 1668 etter at naudsynte vølingar ikke var utførte. Kyrkja vart riven i 1684 og erstatta med ei ny tømmerkyrkje på same staden.[6] Denne vart avløyst av dagens kyrkje lengre nord i 1832. Den gamle kyrkjegarden skal vere jamna med jorda.[7]
Gjenstandar frå stavkyrkja
endreEit krusifiks frå stavkyrkja er sendt inn til Oldsaksamlinga. Det er stilt ut i mellomalderustillinga i Kulturhistorisk museum. Ifølgje kyrkjeleksikonet[8] har dessutan dagens kyrkje kalk og disk frå 1583, truleg overførte frå stavkyrkja i si tid. I kyrkja skal det òg finnast panelbord med figurmåleri daterte til 1300-talet.[7]
Kjelder
endre- Lorentz Dietrichson (1892). «Laardals kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 488.
- Herman Henriksveen, red. (1986). Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 168–169. ISBN 82-90695-00-4.
- Denne artikkelen bygger på «Lårdal stavkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2020.
Fotnotar
endre- ↑ Diplomatarium Norvegicum III:529
- ↑ Diplomatarium Norvegicum I:695
- ↑ Diplomatarium Norvegicum X:730
- ↑ Jens Nilssøn (1981). Yngvar Nielsen, red. Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 377 og 379.
- ↑ Dietrichson, s. 488.
- ↑ Tømmerkyrkja vart teken i bruk same året, ifølgje Henriksveen (s. 168), medan Lårdalsoga tidfestar dette til 1688.
- ↑ 7,0 7,1 Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2016), s. 112.
- ↑ Alf Henry Rasmussen (1993). «Lårdal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 481. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Lårdal stavkyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren