Låvepanel eller enkel bordkleding er trepanel sett kant i kant på spikerslag. Når borda tørkar, vil dei krympe, slik at det vert ei reve mellom borda. Enkel bordkleding høver derfor i låvar, vedskjul, torvskjåar, naust og i andre hus der det bør vere litt lufting. Paneltypen vert òg bruka for bordkleding ein ikkje skal overflatebehandle, og som difor må ha god lufting – t.d. kleding med ubehandla ospepanel.

Brygge med ubehandla enkel bordkleding. Borda er 6 tommar breie og tommen tjukke

Til enkel bordkleding har ein tradisjonelt nytta bord som er ein eller sju åttandedels tomme tjukke og fire til seks tommar breie. I dag vert det oftast bruka justert last, 19 eller 23 mm tjukk og 95 til 120 mm brei.

Enkel bordkleding vert sett opp med margsida ut.

Kjelder: endre