Læreboknormalen av 1959

Læreboknormalen av 1959 var ein revisjon av Rettskrivinga av 1938 for bokmål og nynorsk med sikte på å lage ei strammare norm for lærebøkene i skolen.

Mange fann det problematisk at 1938-rettskrivinga hadde for mange hovudformer. Derfor vart mange hovudformer tekne ut av ordlistene eller gjort til sideformer. Eit anna formål var å roe ned språkstriden som tilnærmingslina mellom bokmål og nynorsk hadde ført til, spesielt frå riksmålshald.

Endringar endre

Bokmål endre

For bokmålet var dei viktigaste endringane at nokre jamstilte former vart reduserte til sideform, som i ordpara dogg [dugg], dokke [dukke], golv [gulv], trøtt [trett], bein [ben], reim [rem], skeiv [skjev], rød [raud]. Verb som lakkere, plassere, trafikkere fekk dobbel konsonant, og verbformer som greidde, greidd og inkjekjønsformer som greitt, snautt vart sideformer.

Framfor –v var h stroken i valp, verken, virvel.

Den største endirnga i bøyingsverket var at hokjønsord med konkret tyding skulle ha obligatorisk –a i bunden form.

Nynorsk endre

I nynorsk vart det mange endringar i vokalbruken for å få betre samanfall med bokmål. Former som gjæta, skræma, serleg, bylgja, vyrdnad, sumar vart sideformer, mens skole, skyld, dråpe, bakket vart jamstilte med skule, skuld, drope, bakkut.

I ord som dommar, rommet, tamme vart forma med enkelkonsonant sideform, mens brot-brott, skot-skott, kjøt-kjøtt vart jamstilte.

I infinitiv vart ending med –a og –e jamstilte, medan kløyvd infinitiv vart sideform.

Kjelder endre