Grunnleggjande dugleikar
Grunnleggjande dugleikar er dugleiksmål som er fokuserte i Kunnskapsløftet. Meininga er at dugleikane skal gå igjen i alle fag, og vere integrert i kompetansemåla for kvart einskild fag. Dei fem grunnleggjande dugleikane er:
- Å kunne uttrykkje seg munnleg
- Å kunne uttrykke seg skriftleg
- Å kunne lese
- Å kunne rekne
- Å kunne bruke digitale verktøy
Utgangspunktet for at ein har innført desse dugleikane, er at dei vert sedde på som grunnleggjande for læring generelt, at dei er viktige for førebuing til yrkeslivet og at dei legg grunnlag for samhandling med andre menneske.
Nasjonale prøver i rekning og i lesing i norsk og engelsk er baserte på ideen om at rekning og lesing går inn som grunnleggjande dugleikar.