Lötschental
Lötschental er den største dalen på nordsida av Rhônedalen i kantonen Valais i Sveits. Han ligg i Bern-Alpane, og elva Lonza renn ned dalen frå kjelda si ved Langgletscher.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d2/L%C3%B6tschental.jpg/250px-L%C3%B6tschental.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/7c/Loetschental.jpg/280px-Loetschental.jpg)
Den vakre dalen strekkjer seg 27 km frå Lötschenlücke (3178 moh) ved toppen av Langgletscher til enden av dalen ved Steg/Gampel (630 moh). Han er omgjeve av over 3000 meter høge fjell, som Bietschhorn (3934 moh), Hockenhorn (3293 moh), Wilerhorn (3307 moh) og Petersgrat (3205 moh). Jungfrau-Aletsch verneområde er det mest bredekte område i Dei sveitsiske Alpane og vart gjort til ein naturleg verdsarvstad av UNESCO i 2001. Dette området omfattar sørlege og austlege delar av Lötschental.
Dei største landsbyane i Lötschental er Wiler og Kippel. Andre landsbyar i dalen er Ferden og Blatten. I alt bur det kring 1500 menneske i dalen.
Lötschental vart truleg først busett i romartida, men var isolert frå resten av omverda fram til byrjinga av 1900-talet. Dalen var særleg vanskeleg å nå om vinteren, fram til Lötschbergbahn (BLS) (1907–1913) vart bygd ut og knytte dalen til ei internasjonale jernbanelinje.
Turisme har i aukande grad teke over for jordbruk som hovudnæring i dalen, særleg etter at gondolbanen frå Wiler til Lauchernalp vart bygd i 1972. Lötschental er i dag ein populær vintersportstad.
Bakgrunnsstoff
endre- Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn-Gebiet Arkivert 2007-09-28 ved Archive.is
- Turisme i Lötschental
- Gemeinde Kippel
- Webkamera frå Laucheralp
- Lötschental på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
- Tschäggättä