Löwenströmska lasarettet
59°32′32.212″N 17°54′39.208″E / 59.54228111°N 17.91089111°E
Löwenströmska lasarettet er ein svensk tettstad i Upplands Väsby kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. Det voks opp i tilknyting til det sjukehuset som har gjeve staden namnet sitt.
I 2005 hadde tettstaden 507 innbyggjarar.
På byrjinga av 1800-talet let Gustaf Adolf Löwenström bygge Löwenströmska lasarettet, som ei godtgjering for at bror hans, Jakob Johan Anckarström, tok livet av kong Gustav III av Sverige i 1792 under maskeradeballet i operaen.
Christian Ziegert, som var frå Tyskland, blei den første sjukehussjefen, og blei på sjukehuset i 40 år. I heile denne perioden, pluss ytterlegare 17 år, brukte ein dei operasjonsinstrumanta som Ziegert hadde kjøpt då sjukehuset var nytt. Ikkje før i 1858 byrja ein å bruke anestesioperasjoner og amputasjoner, etc.
På 1960-talet blei det bygd eit nytt lasarett i kommunen. Det gamle blei brukt til langtidspasientar fram til 1993, då det blei lagt ned. I dag husar lokala ein vandrarheim, Anckaret.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Löwenströmska lasarettet» frå Wikipedia på bokmål, den 4. juli 2012.