Lønsnemnd kan vere både friviljug og tvungen. Friviljug lønsnemnd er det når tariffpartane fråskriv seg retten til sjølve å avslutte forhandlingane. Til dømes fordi dei ser at dei ikkje kjem fram til noko løysing sjølv etter mekling. Tvisten blir såleis overleten til ein tredje part for avgjerd.

Tvungen lønsnemnd må vedtakast av Stortinget som eigen lov. Styresmaktene grip altså inn og bestemmer at tvisten skal avgjerast ved lønsnemnd, normalt Rikslønsnemnda. Internasjonale konvensjonar som vernar organisasjonsfridomen og streikeretten set klåre grenser for bruk av tvungen lønsnemnd. Slik desse reglane vert tolka, er det berre høve til å gripe inn i arbeidskonflikten dersom konflikten set liv, helse og personleg tryggleik i fare.

Lønsnemndlova av 1952 har reglar om lønsnemnd, mellom anna om Rikslønsnemnda.

Bakgrunnsstoff

endre

Lønsnemndlova av 1952 hos Lovdata