Løynspråk
Eit løynspråk eller løyndespråk er eit omgrep som blir bruka om språk som blir bruka i lukka grupper og som det blir lagt vekt på å unngå at folk utanom gruppa forstår. Løynspråk vil ofte innehalde spesifikke omlagingsmekanismar for å forvanske ord som elles ville vore lett å forstå for grannegrupper. Nokre løynspråk i Skandinavia og nærområda er romani rakripa, rodi, månsing, jenisch og rotvelsk.