Lagan i Nord-Irland
- Denne artikkelen handlar om elva i Nord-Irland. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lagan.
Lagan er ein elv i Nord-Irland. Ho er omkring 64 km lang, og renn frå Slieve Croob i Down til Belfast, der ho renn ut i Belfast Lough, ein fjordarm frå Irskesjøen. Elva dannar grense mellom grevskapa Antrim og Down.
Lagan Abhainn an Lagáin | |||
elv | |||
Lagan ved Lanyon Place, Belfast
| |||
Land | Nord-Irland | ||
---|---|---|---|
Grevskap | Antrim, Down | ||
Tilløp | |||
• venstre | River Farset | ||
• høgre | Carryduff River | ||
Nedslagsfelt | 609 km² | ||
Lengd | 70 km | ||
Kjelde | Slieve Croob | ||
• høgd | 119 moh. | ||
- koordinatar | 54°20′24″N 5°58′23″W / 54.340°N 5.973°W | ||
Munning | Belfast Lough | ||
- koordinatar | 54°41′28″N 5°47′06″W / 54.691°N 5.785°W | ||
Lagan i Nord-Irland 54°41′28″N 5°47′06″W / 54.691°N 5.785°W | |||
Wikimedia Commons: River Lagan |
Sjølv om namnet Belfast kjem frå det irske namnet Béal Feirste, munningen av Farset, har Lagan i moderne tid vore ei viktigare og synlegare elv i byen enn Farset. I 1994 vart eit større sluseprosjekt som kunstig stabiliserer vasstanden i Lagan, The Lagan Weir, ferdigstilt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lagan» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2011.