Irsk

språk som blir tala i Irland
(Omdirigert frå Irsk språk)

Irsk (Gaeilge) er eit keltisk språk som vert tala og nytta på øya Irland. Det er det fremste offisielle språket i Republikken Irland, sjølv om eit stort fleirtal av folkesetnaden har engelsk som fyrstespråk. Irsk har fått ei formell godkjenning som minoritetsspråk i Nord-Irland. I Langfredagsavtala av 1998 aksepterte den britiske regjeringa irsk og ulsterskotsk som minoritetsspråk i provinsen. 13. juni 2005 vart det samrøystes vedteke at irsk vert eit offisielt språk i den europeiske unionen. Vedtaket fekk verknad frå 1. januar 2007.

Irsk
Gaeilge
Klassifisering Indoeuropeisk

 Keltisk
  Øykeltisk
   Goidelsk
    Irsk

Bruk
Tala i Republikken Irland, Nord-Irland, Canada, Argentina
Område Gaeltacht, hovudsakleg vest og nordvest i Irland
Irsktalande i alt 1 570 000 (20–40 000 som daglegspråk)
Skriftsystem latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Republikken Irland, Nord-Irland
Normert av Foras na Gaeilge
Språkkodar
ISO 639-1 ga
ISO 639-2 gle
ISO 639-3 gle


Skriftspråk endre

 
Blad frå Leabhar Bhaile an Mhóta, ei irsk bok nedskriven på 1390-talet.

Hovudartikkel: Irsk skriftspråk

Det irske skriftspråket går attende til klassisk irsk, frå perioden 1100-1600, sjølv om ei rettskrivingsreform på slutten av 1940-talet moderniserte skriftspråket noko, representerer det (på same måten som for engelsk) eit tidlegare språksteg. Det er stor avstand mellom skrift og tale, men det er likevel eit regelbunde samsvar mellom dei to.

Grammatikk endre

Fonologi endre

Uttalen i irsk er regelrett etter skriftbiletet, men dette biletet er komplekst. Den fyrste konsonanten i ord kan endra kvalitet, sokalla mutasjonar. Palatalisering av konsonantar er meiningsberande, og kan vera ein del av bøyinga av orda. Somme ord som byrjar på vokalar, kan få førestilte konsonantar i visse høve.

Dette gjer at mange skrivne ord inneheld bokstavar som ikkje vert uttala, men berre indikerer endra uttale av andre bokstavar.

Mutasjonar endre

Det finst to slag mutasjonar, lenisjon (der konsonantar går til frikativar, t d går p til f (i denne samanhengen stava ph) og eklipse (der konsonanten vert stemd, t d går p til b (i denne samanhengen stava bp) eller vert nasale dersom dei er stemde, t d går f til v (i denne samanhengen stava bhf)). Ved eklipse får vokalar n føre seg.

Døme: tógann fear an t-airgead ó fhear eile (ein mann tek pengane frå ein annan mann, fear -> fhear). thóg an fear an t-airgeaid ón bhfear eile (mannen tok pengane frå den andre mannen, tógann -> thóg, fear -> bhfear).

Mutasjonar gjeld òg personnamn, t. d. i tiltaleform (vokativ) eller genitiv. Snakkar ein til Cáit vert det A Cháit!, uttalen endrar seg frå kait´ til xait´.

Palatalisering endre

Palatalisering er meiningsberande på irsk. T. d. uttalast beo (levande) og (ku) likt, med unntak av at b er palatal i beo og ikkje i bó. Palatalisering vert òg nytta som eit element i bøyinga av ord, då i siste konsonant. I skrift synest palatalisering av konsonantar ved at det står anten e eller i på begge sider av konsonanten, med enkelte unnatak i ofte brukte ord. Døme: fliuch(våt), genitiv hokjønn fliche. Endringa i uttalen er at ch i det fyrste tilfellet uttalast som i tysk Buch, og i det andre tilfellet som i norsk Kjetil.

Trykk endre

Trykket er i irsk på fyrste staving, bortsett frå i visse engelske lånord, og i ein del viktige tids- og stad-adverbial, som alle har trykk på andre staving: inniu 'i dag', inné 'i går', aréir 'i går kveld/i natt', amárach 'i morgon' osb.

Morfologi endre

Hovudartikkel: Irsk morfologi

Irsk morfologi, eller bøyingslære, ber preg av at det er eit indoeuropeisk språk. Substantiv vert bøygde i numerus og kasus, og verb for tal og person. Pronomenane vert ogso bøygde i tal og person. I tillegg vert substantiva delte inn i grupper etter genus, og adjektiv og determinativar vert bøygde i genus.

Substantivbøying endre

Substantiva er delte inn i to klasser etter grammatisk genus, feminin og maskulin. Begge har determinativen an (plural: na), men feminine substantiv blir lenisert etter determinativen.

Den irske kasusbøyinga er i ein oppløysingsfase. Nominativ, genitiv og vokativ er framleis levande, men dativ er nesten heilt forsvunne, og akkusativ skil seg berre med eit par ord frå nominativen.

Verbbøying endre

Irsk har ikkje infinitiv, i staden nyttar ein verbalsubstantiv. Oppslagsforma på ord i ordboka er difor imperativ, som alltid er det same som stamma av ordet.

Pronomenbøying endre

Personlege pronomen vert ikkje bøygde i kasus, men dei har tre ulike former, konjunktive, disjunktive og emfatiske former. Den forma av subjektet som kjem rett etter verbet vert kalla konjunktiv. Viss pronomenet ikkje er postverbalt subjekt, er det den disjunktive forma som vert brukt. Eit tredje sett av former er dei emfatiske formene, dei vert brukte der pronomenet har ekstra vekt. Pronomenet for andreperson eintal har t. d. desse formene: (konjunktiv), thú (disjunktiv) og t(h)usa (emfatisk).

Syntaks endre

Irsk er eit VSO-språk. Jf. dette dømet:

Labhrann Mícheál Gaeilge le Cáit go minic.
snakkar Mícheál irsk med Cáit mot ofte.heit «Mícheál snakkar ofte irsk med Cáit.»
Verb Subjekt Dir.obj. Ind.obj. Tidsadv.

Irsk har ikkje infinitivar, men brukar i staden verbalsubstantiv. Irsk brukar ikkje eit verb å ha i eigarkonstruksjonar, men i staden konstruksjonar som på meg er X, på same måten som i finsk og samisk. Sjølv om verba blir bøygd i person, er det i talespråket meir og meir vanleg å bruke personlege pronomen og verbformer utan personendingar.

Adjektiva kjem etter substantivet dei står til, og til ein viss grad deltek dei i substantivet sine konsonantendringar, t.d. an fear mór «stor mann», éacht an fhir mhóir «den store mannenens resultat». Komparativ og superlativ har berre ei form, og tilhøyraren må ut i frå samanhengen finne rett form, : an fear mór "stor mann" fear is mó ná é" mann som er større enn han "an fear is mó "den største mannen".

Å vera endre

Irsk har to verb for å vera; is (kalla kopula) og . Kopula vert nytta til å definere eller karakterisere ting, medan bí (presens 1. person eintal tá) vert nytta til å skildre tilstandar og haldningar. Skilnaden vert mellom det permanente og det forbigåande. Døme: is bádóir an fear (er sjømann mannen = mannen er sjømann), tá an fear i mbád (er mannen i båt = mannen er i ein båt). Kopula kan òg brukast for å gje ekstra trykk til eit enkelt ord i ei setning: Chuaigh Seán go Doire inné (Seán drog til Derry i går) kan skrivast om til Is é Seán a chuaigh go Doire inné (Det var Seán som drog til Derry i går).

Ja og nei endre

Irsk manglar ord for ja og nei. I staden tek ein verbet i spørsmålet oppatt i nektande eller stadfestande form.

  • An bhfuil tú sásta? Er du glad? Tá. Eg er. (Spørsmålet med substantiv-verb; svaret også med)
  • An fear sé? Er han ein mann? Is é. Han er. An fear tú? Er du ein mann? Is mé. Eg er. (Med kopula.)
  • An bhfaca tú an fear? Såg du mannen? Chonaic. Eg såg.
  • An féidir liom an leabhar sin a léamh? Kan eg lese denne boka? Is féidir. Det er mogleg (dvs. Du kan); kopula.

Som «tag» finst is ea eller sea som eit slags «ja», men det er avhengig av konteksten.

Ytre språkhistorie endre

Carl Marstrander sin gamle påstand om at me ikkje veit noko om kva tid keltarane kom til Irland er framleis sann. Me veit heller ikkje kvar dei kom frå. Me veit berre at dei kom i ei rekkje med invasjonar og at dei truleg var etablert i Irland rundt 300 f.v.t, og at i tidleg kristen tid var Irland for det meste keltisk. Då romarriket spreidde seg over Europa vart keltisk kultur og språk assimilert i fastlands-Europa. Assimileringa var ikkje like sterk i Britannia. Romarane kom heller ikkje til norddelen av Britannia eller til Irland. Folkevandringstida førte til store endringar i irsk.

Som del av den romerske påverknaden vart Irland kristna og irsk tok opp latinske ord, særleg knytte til kyrkja og skrivekunsten. Då romarane trekte seg attende danna keltarane som hadde vore under romersk herredøme nye kongerike. Mange av desse forsvann igjen under press frå piktarar frå nord, keltarar frå Irland og anglarar og saksarar frå fastlandet. Berre walisarane og kornarane vart att. I sør førte presset over irskesjøen til emigrasjon frå Wales og Cornwall til Bretagne. I nord førte presset frå Dál Riata-kulturen i nord-austre Irland til at piktarane i Skottland etter kvart forsvann og irsk vart målet også der.

Den eldste boka som er delvis bevart, der heile teksten er på irsk, er Lebor na hUidre (Boka om den sandfarga kua). Ho vart truleg skriven i klosteret i Clonmacnoise på slutten av 1100-talet. Boka inneheld religiøse tekstar og tekstar frå tidleg irsk mytologi. Den første prenta boka på irsk vart til i 1564 i Edinburgh, og var ei omsetjing av Liturgy av John Knox, omsett av John Carswell, Biskop til Hebridane. Han skreiv ei språkform som var i bruk i Irland og i Skottland på denne tida, og han brukte det latinske alfabetet. I 1568 vart den første boka på irsk i Irland prenta; den var ein protestantisk 'katekisme', og han hadde ei rettskrivingslære og informasjon om irske lydar. Det var John Kearney, skattemeister ved St. Patrick's Cathedral, som skreiv katekismen. Skrifttypen som vart brukt var gælisk skrift.

Perioden 1100-1600 vert sedd på som den irske gullalderen, språket var dominerande i Irland og hadde ein rik litterær tradisjon. Frå og med 1600-talet knuste engelskmennene den irskspråklege overklassa og erstatta henne med engelskspråklege immigrantar. Det klassiske irske språkat var strengt normert. Etter 1600-talet vart irsk omtrent ikkje brukt i skrift i det heile, og då kulturnasjonalismen tok språket i bruk som skriftspråk att på slutten av 1800-talet, vart standardiseringa hindra av striden mellom dei ulike dialektformene. Også i dag er skilnaden mellom Ulster-dialektane og dei sørlege språkformene med og skapar variasjon i det normerte skriftspråket.

Sjølv om irsk ikkje vart skrive så mykje på 1700-talet, heldt det stillinga som talespråk blant det irske folket. Nedgangen for irsk som talespråk starta tidleg på 1800-talet, men han skaut fart med hungerskrisa på 1840-talet og den store utvandringa til USA, det var framfor alt dei irsk-språklege som drog. I Irland vart irsk sett på som eit teikn på fattigdom.

På slutten av 1800-talet tok dei fyrste revitaliseringstiltaka til, og det vart stifta ein organisasjon for å stø opp om bruken av irsk.

 
Utbreiing av irsk i 1871.[1]

Irsk språkpolitikk i republikken Irland endre

 
Tospråklege vegskilt, på irsk og engelsk

Då Irland vart fri frå Storbritannia, var det eit mål for republikken å gje det irske språket attende den gamle statusen sin på øya. Irsk vart gjort til offisielt språk, og det vart laga eit skulesystem der alle fekk opplæring i irsk.

Gaeltachtaí endre

 
Offisielle gaeltachtaí

I Republikken Irland er nokre område definert som gaeltachtaí (eintal gaeltacht). Dette er område der irsk framleis vert tala av ein stor del av folkesetnaden. Ein viss del av dei har irsk som fyrste språk. Dei viktigaste områda ligg i Connemara, inkludert Aranøyane i Galway, på vestkysten av Donegal og på Dinglehalvøya i Kerry. Det finst òg mindre slike område andre stader i landet.

I desse områda er det gjort spesielle tiltak for å halda på og fremja det irske språket. Mellom anna er mange skilt einspråklege på irsk. Elles i landet blir det nytta tospråklege eller einspråklege engelske skilt. Medan det elles i landet vert undervist i irsk som andrespråk (og i praksis ofte som framandspråk), er irsk normalt undervisningsspråk i alle fag i gaeltachtaí.

Indre språkhistorie endre

Eit omtrentleg oversyn over periode-inndelinga i irsk ser slik ut:

?–600 Primitiv irsk Ogham-skrift, kristning.
500–700 Tidleg gamalirsk Lånord frå latin.
700–900 Gamalirsk
900–1200 Mellomirsk Forenkla bøying av verb og substantiv. Personlege pronomen subjekt for kopula.
1200–1700 Tidleg moderne irsk Personlege pronomen òg som subjekt for verb.
1700– Moderne irsk Skotsk-gælisk og manx vert eigne språk.

Gamalirsk og moderne irsk skil seg frå kvarandre m.a. ved at gamalirsk hadde tre genus, medan moderne irsk berre har to.

Kjelder endre

  1. E.G. Ravenstein, «On the Celtic Languages of the British Isles: A Statistical Survey», i Journal of the Statistical Society of London, vol. 42, no. 3, (September, 1879), s. 584. På s. 583 finst det eit kart over irsk i 1851, som viser ei større utbreiing av folk som snakka irsk.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikipediairsk