Laila Schou Nilsen

norsk idrettsutøvar

Laila Schou Nilsen (18. mars 191930. juli 1998) var ein norsk idrettsutøvar og næringsdrivar frå Oslo. I tida frå 1935 til 1961 vann ho i alt 101 gullmedaljar i norske meisterskap, 85 av dei i tennis.

Laila Schou Nilsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. mars 1919
Vestre Aker
Død

30. juli 1998 (79 år)
Oslo

Idrett alpint, handball, skihopping, lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1948, alpine skiing at the 1936 Winter Olympics – women's combined

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Nilsen var den dominerande utøvaren i norsk kvinneidretts barndom. Etter andreplass i noregsmeisterskapen på skeiser 1934, vart ho norsk skeisemeister i 1935, 1937, 1939 og 1940. Både i 1937 og 1938 vart ho verdsmeister på skeiser, i Davos i 1937 etter å ha sett versrekordar på alle fire distansane: 46,4 på 500 m, 1.38,8 på 1000 m, 5.29,6 på 3000 m og 9.28,3 på 5000. Like etter sette ho òg verdsrekord på 1500 m tida 2.38,1. Verdsrekorden på 500 m kom til å gjelde i 18 år.

I 1936 stod alpine greiner på OL-programmet for fyrste gong. Under vinterleikane i Garmisch-Partenkirchen gjaldt kombinasjonen utfor/slalåm, der Nilsen leia etter utforrennet og kneip bronsemedaljen i øvinga. To år seinare vann ho den opne sveitsiske meisterskapen i utfor. Vinteren 1939 vart den fyrste norske meisterskapen i alpint arrangert og Nilsen rann inn til siger i både slalåm og utfor. Same sesongen vann ho utfor og kombinasjonen i Årebragden og slalåmtevlinga i Galdhøpiggrennet. I 1940 vann ho både NM i utfor og slalåm og kombinasjon i Galdhøpiggrennet. Etter verdskrigen vart ho norsk meister i utfor såvel som kombinasjon i 1946 og 1948, og i slalåm i 1947 og 1948.

Nilsen var i 20 år Norges beste kvinnelege tennisspelar. Ho vann sitt fyrste norske tennisgull i 1937 og det siste i 1961. I single-øvinga vann ho 23 NM-titlar. Elles sanka ho 28 gull i doble, 23 i mixed double og dessutan nokre lagmeisterskap.

I handballens fyrste år spelte Nilsen på Grefsen IL, eit lag som vann fire norske meisterskap i åra frå 1946 til 1951.

Tennisspelaren Nilsen var etter tur medlem i Grefsen Tennisklubb, Oslo Tennisklub og Njård. I alpine greiner og handball representerte ho Grefsen IL, med ho på skeisebana gjekk i Oslo Skøiteklub sine drakter.

Nilsen var i si tid styremedlem i Norges Idrettsforbund, nestformann 1969-7?. Ho vart tildelt Egebergs ærespris.

Kjelder endre