Laken (frå norrønt lakan, truleg frå middelnedertysk laken, 'teppe, forheng, klede')[1] er store tøystykke brukt som sengetøy, anten til å ha oppå madrassen og under kroppen til den som ligg i senga (underlaken), eller til å ha over kroppen medan ein ligg (overlaken).[2] Eit laken er lettare å bytta og reingjera enn ein madrass eller eit tungt overbreisel, og gjer reinhald av sovestaden enklare.

Raudekrossarbeidar demonstrerer lakenbytte medan ein pasient ligg i senga. Fotografi frå 1917.
Samanbretta sengelaken

Laken, putevar og dynetrekk kan ein i dag ofte kjøpa i matchande sett under nemninga «sengesett».

Materiale endre

Laken har tradisjonelt vore vovne av lin, men bomull og kunststoff har i dag nesten overtatt heilt. Silke og glatt sateng blir brukt til ekstra fint sengetøy. Historisk har ein også ustyrt fine laken med monogram og blondekantar.

Typar endre

Laken kan vera flate tøystykke som ein formar rundt madrassen, eller vera formsydde til å passa ein madrass av ein viss storleik. Slike laken kan vera laga av stoffmed strekk, og blir då kalla strekklaken.

Lakenpose er eit tynt, lett laken sydd som ein sekk og kan brukast saman med sovepose eller med dyne og pute for å unngå å leggja nytt dynetrekk, putevar og laken på senga. Reisande på fjellstover og vandreheimar kan til dømes bruka lakenposar.

Vasstette laken eller tisselaken kan brukast under eit vanleg laken for å hindra urin i å trenga gjennom til madrassen i samband med sengevæting.

Andre tydingar endre

«Laken» kan vera eit slanguttrykk for tusenlapp.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «laken - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 9. februar 2020 
  2. «laken» i Nynorskordboka.