Lakoníabukta
Lakoníabukta (gresk Λακωνικός Κόλπος, Lakonikós kólpos) er ei bukt i den søraustlege delen av Peloponnes i Hellas. Ho ligg i periferieininga Lakonía i periferien Peloponnes
Lakoníabukta er den sørlegaste bukta i Hellas og den største på Peloponnes. I vest er ho avgrensa av Mánihalvøya og i aust av Kapp Maléa. Der bukta opnar seg mot havet, ligg øya Elafónisos på austsida, og i sør ligg øya Kýthira.