Kýthira (gresk Κύθηρα, italiensk Cerigo), stundom skrive Kythera eller Cythera, er ei øy i Hellas og historisk sett ein del av Dei joniske øyane. Kýthira er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí. Frå 2011 omfattar kommunen òg den mindre naboøya Andikýthira.[2]

Kýthira
Lokalt namn Κύθηρα
Hovudhamna Diakófti på Kýthira
Hovudhamna Diakófti på Kýthira
Geografi
Stad Det joniske havet
Koordinatar 36°10′N 23°00′E / 36.167°N 23.000°E / 36.167; 23.000
Øygruppe Dei joniske øyane

Areal 299,4 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Største busetnad Kýthira (281 innb.)

Demografi
Folketal 4 041 (2011[1])
Folketettleik 13,5 /km²

Kýthira ligg like sør for det austlegaste neset på Peloponnes og har eit areal på 280 km². Det kuperte terrenget kjem av vedvarande vind frå det omliggande havet som har forma kysten til bratte klipper med djupe bukter. I mange hundreår hadde øya ein strategisk posisjon, og sidan antikken og fram til 1800-talet låg øya ved krossvegen for kjøpmenn, sjømenn og erobrarar. Dermed har ho hatt ei lang og variert historie, og har vorte påverka av mange sivilisasjonar og kulturar. Dette kan ein sjå igjen i arkitekturen og i visse tradisjonar og vanar, som er påverka av grekarar, venetianarar, osmanarar, britar og andre.

Historie endre

På byrjinga av det andre tusenåret fvt. var øya ein minoisk koloni og i 424 fvt. fekk Aten makta over øya. I antikk gresk mytologi vart Kýthira rekna for å vere øya til kjærleiksgudinna Afrodite. Gjennom hundreåra har ho høyrt til romarane, Austromarriket, Venezia og Det osmanske riket, og vart ofte plyndra av sjørøvarar. Folk på Kýthira snakkar framleis om øydeleggingane og røvartokta til Aruj, som har vorte ein vesentleg del av segnene på Kýthira.

21. mai 1864 vart øya igjen ein del av Hellas.

I hovudbyen Khóra (eller Kýthira), inne i borga, kan ein finne det historiske arkivet til Kýthira, det nest største i Dei joniske øyane etter arkivet på Kérkyra.

Kýthira i dag endre

Som med mange av dei mindre egeeiske øyane minkar folketalet på Kýthira. Folketalet var på topp i 1864 med 14 500 innbyggjarar, men har gradvis minka sidan den gong til om lag 4 000 i dag.

Geografisk, kulturelt og historisk ligg Kýthira nærare Dei joniske øyane, men ho ligg administrativt under Periferieininga Øyane i Attikí.

Hovudbyen Khóra ligg på den sørlege delen av øya, men har ikkje hamn som knyter han til andre stader. Hovudhamna på Kýthira var tidlegare Ajía Pelajía, men i dag er det Diakófti, som har samband til Peloponnes. Landsbyen Livádi er i ferd med å bli handelssentrum på øya.

Øya har ofte vorte råka av jordskjelv. Det største i nyare tid skjedde sannsynlegvis i 1903, som skapte store øydeleggingar og førte til tap av menneskeliv. 8. januar 2006 vart øya råka av eit jordskjelv som målte 6,9 på Richterskalaen. Episenteret låg 20 km aust for Kýthira, og mange bygningar, særleg eldre, vart øydelagde. Ingen menneskeliv gjekk derimot tapt. Jordskjelvet var så kraftig at ein kunne merke det i Italia, Egypt og Jordan.

Turisme endre

Kýthira sin økonomi er hovudsakleg tufta på turisme. Høgsesongen varer frå slutten av mai til midten av september, og i løpet av denne perioden vert folketalet på øya stundom tredobla. Hovudmengda av turistane er greske turistar frå fastlandet.

Øya har mange strender av forskjellig type og storleik, men på grunn av det kuperte terrenget er berre halvparten av desse tilgjengeleg via veg. Berre fem av landsbyane på øya ligg langs kysten.

Byar og tettstader endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Potamós 476
Ajía Pelajía 419
Áno Livádi 284
Kýthira 281
Kálamos 223

Dei største busetnadene på øya elles er:

  • Logothetiánika (153)
  • Frátsia (148)
  • Karavás (129)
  • Karvounádes (119)
  • Drymónas (86)
  • Avlémonas (81)
  • Pitsiniánika (79)
  • Frilingiánika (78)
  • Aroniádika (77)
  • Livádi (77)
  • Kapsáli (76)
  • Mitáta (73)
  • Fatsádika (69)
  • Travasariánika (65)
  • Kastrisiánika (64)
  • Strapódi (57)
  • Diakófti (52)
  • Mylopótamos (49)
  • Ájos Ilías (46)
  • Kontoliánika (45)
  • Platía Ámmos (42)
  • Trifylliánika (42)




Småøyar i kommunen:

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre