Lalla Carlsen
Lalla Carlsen (17. august 1889–23. mars 1967) var ein norsk skodespelar. Ho heitte eigenleg Haralda Petrea Christensen, men vart kalla Lalla frå ho var lita.[1] I 1917 vart ho gift med kapellmeister Carsten Carlsen og kjent under scenenamnet Lalla Carlsen. Ho scenedebuterte i 1914 og utvikla seg frå songar til skodespelar, med ein brei karriere innan revy, film og folkeleg komedie.
Lalla Carlsen | |
![]() | |
Fødd | 17. august 1889 |
---|---|
Fødestad | Svelvik kommune |
Død | 23. mars 1967 (77 år) |
Dødsstad | Oslo |
Fødenamn | Haralda Petrea Christensen |
Aktive år | 1914–1967 |
Verka som | skodespelar, songar |
Ektefelle | Carsten Carlsen |
Prisar | Kongens fortenestmedalje |
Carlsen var ved Chat Noir trå 1915 til 1947, ved Casino 1927–1928 og Carl Johan Teateret 1940–1943. Etter 1947 arbeidde ho som frilans skodespelar, både i film, ved revyscener og for Riksteateret.
Carlsen mottok Kongens Fortjenstmedalje i gull (1949) og Statens kunstnerlønn (1958). Gata Lallakroken (både i Oslo og Svelvik) er oppkalla etter ho, det same er Lalla Carlsens gate i Stavanger.
Programleiaren Vibeke Sæther er barnebarn av Lalla Carlsen.
ReferansarEndra
- Denne artikkelen bygger på «Lalla Carlsen» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2019.