Lamb Holm
Geografi
Lamb Holm is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°53′ N 2°53′ WKoordinatar: 58°53′ N 2°53′ W
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,40 km²

Høgaste punkt 20 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Det italienske kapellet.
Det oversvømde steinbrotet på Lamb Holm, nytta for Churchill Barriers. I bakgrunnen kan ein sjå Barrier no.2.

Lamb Holm er ei lita folketom øy i Orknøyane i Skottland. Hovudattraksjonen på øya er eit rikt utsmykka italiensk kapell.

GeografiEndra

Lamb Holm ligg i Holm Sound, ein av dei austlege innløpa til Scapa Flow, mellom Mainland i Orknøyane og øya Burray,[1] Ho er 40 hektar stor.

Churchill Barriers ber vegen frå South Ronaldsay til Mainland i Orknøyane. Lamb Holm er knytt til Glims Holm i sørvest via Barrier nummer 2 og til Mainland via Barrier nummer 1.

Steinbrotet som vart nytta til å byggje Churchill Barriers er i dag fylt med vatn og omgjort til eit oppdrettsanlegg.

Italiensk kapellEndra

Churchill Barriers vart bygt av italienske krigsfangar under den andre verdskrigen og dei bygde og det rikt utsmykka italienske kapellet som i dag er hovudattraksjonen på øya.

I 1942 var meir enn 1300 italienske krigsfangar fanga i Nord-Afrika og ført til Orknøyane, der dei vart verande til tidleg i 1945. 550 vart tekne til Camp 60, deri det vert sett til å byggje Churchill Barriers. I 1943 vart kommandanten i leiren og presten Giacombazzi einige om at dei trengde ei kyrkje. Fangane gjorde alt arbeidet med å omforme to brakker til kapellet.

KjelderEndra

  1. «Lamb Holm». Gazetteer for Scotland. Henta 14. mars 2010.