Lambdasaumen (av latin sutura lambdoidea) eller bakhovudsaumen er ein tjukk og fibrøs skallesaum i den bakre delen av hovudskallen som koplar issebeina til bakhovudbeinet.[1] Leddet er samansett av bindevev, og er kontinuerleg med sutura occipitomastoidea.

Lambdasaumen vist i raudt
Lambdasaumen vist nedst til høgre

Namnet kjem av at den liknar på den greske bokstaven lambda.[1]

Klinisk relevansEndra

Ved fødsel er knoklane i hovudskallen fråskilde. Av og til kan dei vekse saman for tidleg, ein tilstand kjend som kraniosynostose, som kan føra til skallemisdanningar. Ved prematur forbeining av lambdasaumen vil skallen framstå som vridd og asymmetrisk, ein tilstand kjend som plagiocefali. Merk at plagiocefali skildrar forma («skeivt hovude»), medan kraniosynostose skildrar tilstanden.

Lambdasamen artikulerar med bakhovudbeinet og issebeina.

Fleire bileteEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Holck, Per (13. februar 2009). «lambdasømmen». Store medisinske leksikon. Henta 28. februar 2015. 

ReferansarEndra

  • "Sagittal suture." Stedman's Medical Dictionary, 27th ed. (2000).
  • Moore, Keith L., and T.V.N. Persaud. The Developing Human: Clinically Oriented Embryology, 7th ed. (2003).

BakgrunnsstoffEndra