Lamprofyr

Lamprofyr (frå gresk for ‘glinsande’ og ‘purpur’) er eit samleomgrep for fleire mørkfarga bergartar som finst i ganger og inneheld porfyriske krystall, som pyroksen, hornblende eller biotitt. Slike bergartar kan ha spesielle nemningar ut frå mineralinnhaldet sitt, som minette, kersantitt, camptonitt, monchiquitt, alnöitt, spessartitt og vogesitt.[1]

Minette frå Jáchymov.

Minette har porfyriske krystall av biotitt i ein mørk grunnmasse. Det har namn etter ein funnstad i Vogesane i Frankrike.[2]

KjelderEndra

  1. «lamprofyr». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 27. april 2020. 
  2. «minette». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. august 2020.