Landau an der Isar
Landau an der Isar (offisielt òg kalla Launda a.d.Isar) er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg i landkreisen Dingolfing-Landau ved elva Isar.
Landau an der Isar | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Bayern Niederbayern Dingolfing-Landau |
Grunnlagd | 1224 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
84,37 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
12 826 152/km² |
Koordinatar | 48°40′0″N 12°40′0″E / 48.66667°N 12.66667°E |
Høgd over havet | 390 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 94405 |
Telefon-retningsnummer | 09951 |
Bilnummer | DGF |
Heimeside: www.landau-isar.de |
Historie
endreLandau vart grunnlagd i 1224 av Wittelsbach-hertugen Ludwig av Kelheim. Byen hadde vore ein Pflegamt i mange år og høyrte til Landshut Rentamt i kurfyrstedømet Bayern.
Fram til kommunereforma i Bayern og Tyskland i 1972 var Landau kreisstadt eller administrasjonssete i ein eigen landkreis. Under reforma vart dei tidlegare landsbyane Frammering, Mettenhausen, Reichersdorf og Zeholfing, i tillegg til delar av Kammern og Ganacker, slått saman med Landau. I 1978 vart òg landsbyane Nieder- og Oberhöcking innlemma.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Landau an der Isar» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2007.