Landmine er ein behaldar med sprenglading og tennmekanisme som eksploderer ved støyt, trykk eller ei anna form for påverknad. Slike miner blir brukt som militært våpen for å gjera eit område farleg for fiendtlege styrkar, men kan også lett råka sivile. Det finst ulike typar miner, retta mot menneske (antipersonellminer) eller køyretøy.

Anti-panservogn mine
Miner i Huolongjing frå 1300-talet.

I område der det er lagt ut landminer er det vanleg at innbyggjarar døyr eller skader seg gjennom å gå på antipersonellminer. Fordi landminer ikkje kan skilja mellom stridende og sivile bryt dei med distinksjonsprinsippet i folkeretten. Antipersonellminer er i dag totalforbodne under Minekonvensjonen.

Landminer blei funne opp av kinesarar. Dei blei brukt i 1277 av Song-dynastet mot ei mongolsk beleiring. Huolongjing er den første inngåande skildringa av miner.

Kjelder endre

  Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.