Landskap er eit avgrensa geografisk område. Ein kan bruka omgrepet i to hovudtydingar, ei naturgeografisk og ei kulturgeografisk/kulturhistorisk.[1] Ofte kan eit landskap vera knytt til ein viss naturtype, geografisk form, planteliv og liknande.

Landskap i Cuesta del Obispo i Provincia de Salta i Argentina
Feios ved Sognefjorden, fotografert frå Leikanger i 2009.
Brudeferden i Hardanger, landskapsmåleri av Adolph Tidemand & Hans Gude, 1848.

Eit landskap treng ikkje nødvendigvis å falla saman med moderne administrative grenser eller landegrenser, og dei nøyaktige grensene for eit landskap kan vera omtrentlege.

Ordet «landskap» kjem truleg frå lågtysk lantschop, jamfør norrønt landskapr, 'tilhøve i eit land, landsdel')[2] Ordet hadde ei anna tyding i gammalnorsk der landskapr vart nytta synonymt med våre ord landsdel og region. Denne tydinga har ein framleis i svensk. Ein kan nytta ordet i samanhengar som kulturlandskap, fjordlandskap , bylandskap eller månelandskap. Det kan bli nytta om innreiinga av større rom innomhus som i kontorlandskap og skulelandskap. Landskap kan òg bli nytta i overført tyding som i «politisk landskap».

I naturgeografisk forstand omfattar eit landskap synlege trekk i eit landområde, i første rekke sjølve landformene, som fjell, bakkar og skråningar, sletter og vassvegar som elver, innsjøar og hav. I landskapet inngår også levande element som vegetasjonsdekket og menneskeskapte element: Arealbruk, bygningar og andre menneskeskapte strukturar.[3] Vekslande element som lys og vêrforhold er viktige i eit kvart landskap. Eit måleri med eit omfattande utsyn av eit stykke natur, som fjell, fjord, tre og lignende, blir kalla eit landskapsmåleri.

I kulturgeografisk forstand er eit landskap eit geografisk område, ofte ein landsdel eller provins, som dannar ein einskap geografisk, historisk og/eller kulturelt gjennom naturlege grenser, fellestrekk og kulturell identitet, og eventuelt også gjennom eldre administrative inndelingar.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Simensen, Trond; Halvorsen, Rune; Erikstad, Lars (24. april 2018). «Methods for landscape characterisation and mapping: A systematic review». Land Use Policy (på engelsk) 75: 557–569. doi:10.1016/j.landusepol.2018.04.022. Henta 19. august 2020. 
  2. «landskap» i Nynorskordboka.
  3. «landscape», New Oxford American Dictionary
  4. «Landskap» i Det norske akademis ordbok