Opna hovudmenyen

Leikanger

tettstad i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane

Leikanger er ein tettstad i Leikanger kommune i Sogn. Saman med Hermansverk dannar Leikanger ei bygd med meir eller mindre samanhengande busetnad som vert kalla Systrond [1]. Systrond eksisterer rett nok ikkje som offisielt namn og Statistisk Sentralbyrå nyttar nemninga Hermansverk/Leikanger[2] om den delen av bygda som tilfredsstiller deira krav til omgrepet tettstad. Bygda er sete for Sogn og Fjordane fylkeskommune og for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane som held til i Statens hus Sogn og Fjordane (offisielt lokalisert til Hermansverk) som vart opna av moderniseringsminister Morten Andreas Meyer i mai 2005. Til saman bur det drygt 2 100 innbyggjarar på Systrond.

Leikanger
stad
Skrivareiki.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Leikanger
Postnummer 6863 LEIKANGER
Innbyggjarnamn Utaføring (felles for kommunen: Systrending)
Preposisjon Leikanger

Hermansverk har i løpet av dei siste par tiåra teke over dei aller fleste sentrumsfunksjonane i bygda, og i dag (2007) er ein av dei viktigaste funksjonane på det gamle Leikanger sentrum (Hanehaug) kaien som har anløp av ekspressbåten mellom Sogn og Bergen Ein annan viktig funksjon er Leikanger Fruktlager, samtidig ligg det òg bilverkstad, hotell og bilverkstad her.

Namnet Leikanger er opphavleg knytt til kyrkjestaden om lag ein kilometer aust for kaiområdet i retning Hermansverk, og namnet kjem av norrønt leik (kamp, leik) og vangr (slette, vang), noko som kan tyda på at staden har vore ein sentral møteplass i tidlegare tider der ein kanskje har møttest til idrett og eller tvekamp. Det er elles rike fornminnefunn frå både jarnalder og vikingtid i bygda.

MediaEndra

Sogn Avis har hovudkontor på Leikanger.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.