Lappgeiter (svensk lappgetter) er ein sterkt utryddingstrua geiterase. Dei er noko mindre enn vanlege geiter, med kortare bein. Dei har ofte noko lengre ragg, og dei er vanlegvis kvite.

Lappgeit
Foto: Jon Julius Sandal, 2012

Etter den svenske raudlista (Lantrasforums rödlista över svenska oförädlade lantraser) finst det berre 25 individ att, etter andre kjelder berre fem.

Geiterasen vart oppdaga i Fatmomakke i 2001 da eit tal geiter skulle slaktast. Geitene vart i staden tekne hand om, og desse geitene og etterkommarane etter dei er dei einaste nolevande lappgeitene.

På Björksta stuteri utanfor Umeå blir dei einaste lappgeitene alne opp.

Bakgrunnsstoff endre